Hopp til innhold

Luna

Luna, ei tid kalla Lunik i den vestlege verda, var ein serie på 24 sovjetiske månesondar som blant anna omfatta den første som passerte nær månen (nr. 1, 1959), den første som krasjlanda på månen (nr. 2, 1959), den første som fotograferte baksida av månen (nr. 3, 1959), den første som mjuklanda (nr. 9, 1966), den første som gjekk inn i kretslaup rundt månen (nr. 10, 1966), den første som sendte prøver av måneoverflata tilbake til jorda (nr. 16, 1970), og den første som bringa med seg eit køyretøy, Lunokhod 1, til månen (nr. 017, 1970).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012