Hopp til innhold
X
Innhald

Lunar prospector

Lunar prospector er ein amerikansk romsonde som vart sendt opp i januar 1998 og plassert i ein bane rundt månen. Romsonden studerte måneoverflata i ca. eitt år. Siktemålet var blant anna å kartleggje grunnstoff og moglege ressursar på månen for å avgjere om det finst vatn eller is i månen sine polarområde, og å studere månen sitt gravitasjonsfelt og magnetiske felt.
Etter at oppdraget var fullført, gjekk Lunar prospector rundt månen til han vart styrta mot Schoemaker-krateret nær månen sin sørpol 31.7.1999. Føremålet med styrten var å virvle opp vatn eller vassdamp som kunne registrerast, men vatn vart ikkje registrert der og då.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012