Hopp til innhold
X
Innhald

Mariner

Mariner er ein serie amerikanske romsondar for utforsking av planetane. Mariner 2 (1962) og 5 (1967) følgde banar som gjekk nær Venus, medan Mariner 10 (1973) først passerte Venus og deretter tre gonger Merkur. Mariner 4 (1964), 6 (1969), 7 (1969) og 9 (1971) var vellukka Mars-sondar.
Mariner 4 sendte dei første nærbileta av Mars til jorda, og Mariner 9 vart den første kunstige månen rundt ein annan planet enn jorda. Mariner 11 og 12 vart omdøypte til Voyager 1 og 2. Mariner 1 (til Venus) og 3 og 8 (til Mars) var mislukka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012