Hopp til innhold
X
Innhald

Mercury

Mercury heitte den første serien med bemanna romfartøy som vart utvikla i USA. Den første oppskytinga fann stad 5.5.1961 med Alan B. Shepard som astronaut i ein ballistisk bane.
Den første verkelege romferda USA utførte, gjekk føre seg 20.2.1962 med John Glenn i Mercury-fartøyet Friendship 7. Han passerte tre gonger rundt jorda. Den sjette og siste ferda i Mercury-programmet fann stad i mai 1963 med L. Gordon Cooper (22 omlaup). Dette prosjektet vart etterfølgt av Gemini-ferdene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012