Hopp til innhold
Romferja Atlantis er dokka saman med romstasjonen Mir, i juni 1995. Foto: NASA.
Romferja Atlantis er dokka saman med romstasjonen Mir, i juni 1995. Foto: NASA.
X
Innhald

Mir

Mir var ein russisk romstasjon. Han vart skoten opp av Sovjetunionen i 1986 og var i permanent drift fram til 1999. Romstasjonen vart etter kvart utbygd med spesialseksjonar, blant anna for samankopling med amerikanske romfartøy. På grunn av høg alder fekk stasjonen etter kvart alvorlege tekniske problem.
Mir vart stengd i august 1999, men to russiske astronautar vendte tilbake i april 2000 for å sjå om det var mogeleg å halde Mir i gong i fem år til med tanke på kommersiell drift. I mars 2001 vart Mir styrta i ein kollisjon med jordatmosfæren, og vrakrestane trefte sitt planlagde mål i Sør-Stillehavet. Mir vart vidareført i ISS, internasjonale romstasjonen, Den.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012