Hopp til innhold
X
Innhald

NEAR Shoemaker

NEAR Shoemaker var ein amerikansk romsonde som vart skoten opp i februar 1996 som den første i NASA sine "Discovery"-ferder. Sonden hadde primært asteroiden Eros som mål.
 
NEAR Shoemaker sendte omfattande mengder bilete og annan informasjon på ferda inntil kontakten tok slutt. På vegen fotograferte NEAR Shoemaker kometen Hyakutake (1996) og passerte asteroiden Mathilde (1997).
 
Romsonden vart det første romfartøyet til nokosinne å sirkle rundt ein asteroide då ein så vidt klarte å få han i bane rundt Eros ved nyttår 1999. NEAR Shoemaker var ikkje konstruert for å lande, men han landa, også som det første romfartøyet nokosinne på ein asteroide, og heldt fram med å sende i endå 16 dagar (februar 2001.) Forkortinga NEAR står for Near Earth Asteroid Rendezvous (møte med nær-jorda-asteroide).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012