Hopp til innhold
X
Innhald

Pioneer

Pioneer er fire seriar på i alt 13 amerikanske romskip som vart skotne opp etter 1958. Den første serien på fire hadde månen som mål, men alle var mislukka. Dei fem neste vart bringa inn i kretslaup rundt sola, og alle har gitt verdifulle opplysningar om stråling og magnetfelt i det indre området av solsystemet.
Pioneer 10 og 11, som vart skotne opp i 1972 og 1973, hadde Jupiter som primært mål. Pioneer 10 passerte planeten i 1973, og heldt så fram utan mål vidare utover og vart dermed den første kunstige himmellekamen som har forlate solsystemet. Pioneer 11 nådde Jupiter i 1974 og passerte etter det Saturn i september 1979. Romskipet vart den andre kunstige himmellekamen som trengjer ut i det interstellare rommet. Begge var vellukka, og ei mengd nye data vart gitt om dei to planetane. Pioneer Venus-prosjektet omfatta to romsondar som vart sendte mot Venus. Begge romsondane var vellukka.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012