Hopp til innhold
X
Innhald

Ranger

Ranger er ein serie av amerikanske romsondar. Dei utførte dei første amerikanske forsøka på å fotografere måneoverflata og kartla mykje av ho tidleg i 1960-åra. Ranger 4 var den første amerikanske romsonden som trefte månen. Ranger-sondane sendte bilete på vegen inn før dei styrta. Ranger 9 trefte månen i mars 1965.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012