Hopp til innhold
X
Innhald

Sojuz

Sojuz er namn på ein serie sovjetiske romfartøy, til vanleg samansette av ein laboratorieseksjon, ein utstyrsseksjon og ein tilbakevendingsseksjon. Sojuz 1 vart skoten opp 23.4.1967. Kosmonauten Komarov omkom under landinga. Den første samankoplinga av to bemanna romfartøy skjedde 14.1.1969 med Sojuz 4 og Sojuz 5. Med Sojuz 11 (1971) omkom tre kosmonautar. Frå 1971 har Sojuz-fartøya hovudsakleg vore brukte til transport til og frå romstasjonar. Det er sendt opp over 60 slike fartøy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012