Hopp til innhold
X
Innhald

Spacelab

Spacelab, engelsk, "Romlab(oratorium)", er eit transportabelt laboratorium. Det er utvikla i Europa og har følgt med i lasterommet til dei amerikanske romferjene. Det første Spacelab vart sendt opp i november 1983 med Columbia, på den niande romferjeturen, for eit ti dagars opphald i rommet. Siste gongen var i november 1997, også då med Columbia. Spacelab vart avslutta til fordel for den internasjonale romstasjonen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012