Hopp til innhold
Romhunden Laika
Romhunden Laika
X
Innhald

Sputnik

Sputnik (russisk, 'reisefølgje'), er namn på ti sovjetiske satellittar. Sputnik 2 hadde med hunden Laika.

Sputnik 1 var den første kunstige satellitten i historia. Han vart sendt opp 4.10.1957 og brann opp 4.1.1958. Satellitten hadde ei vekt på 83,6 kg.

Sputnik 2 vart skoten opp 3.11.1957. Han vog 509 kg og hadde med hunden Laika. Dette var den første gong ein levande skapningen vart skoten opp i rommet. Føremålet var å teste ut om det var mogleg å sende ut menneske. 

Laika døydde under ferda alt etter få timar. Først i 2002 blir det kjent at hunden truleg døydde av overoppheting. Før dette var det rapportert at ho levde i fleire dagar. Det var aldri planen at Laika skulle overleve, og ferda utløyste òg debatt om dyrevelferd i vitskapleg samanheng. 

Sputnik 2 var ikkje laga for å kome heil attende og brann opp etter 2570 jordomflygingar den 14. april 1958.

Les meir om romhunden Laika i «All verdas språk: 3. november».

Sovjetisk frimerke med romhunden Laika og satellitten Sputnik 2 som motiv. Foto: Vintageprintable1, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Frimerke frå Dei sameinte arabiske emirata med romhunden Laika og satellitten Sputnik 2 som motiv, truleg frå 1971. Foto: Vintageprintable1, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 03.11.2017