Hopp til innhold
X
Innhald

Surveyor

Surveyor er namn på sju amerikanske ubemanna månelandingsfartøy som vart skotne opp i 1966—68 med hovudføremål å skaffe data for Apollo-programmet. Surveyor 2 og 4 var mislukka. Dei andre mjuklanda og sendte ca. 85 000 bilete av måneoverflata tilbake til jorda. Somme av Surveyor-fartøya var utstyrte med gravereiskap og analyseapparat. 19.11.1969 landa Apollo 12 nær Surveyor 3 i Stormhavet. Romfartøyet vart undersøkt, og delar av det vart bringa tilbake til jorda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012