Hopp til innhold
X
Innhald

Venera

Venera er ein serie sovjetiske romsondar for utforsking av planeten Venus (Venera på russisk). Kapslar vert sleppte frå romsondane, og på vegen ned mot overflata registrerer dei fysiske og kjemiske forhold i Venus-atmosfæren — trykk, temperatur, tettleik, kjemisk samansetjing med vidare — før dei mjuklandar. Data frå overflata vert deretter overførde, men på grunn av den høge temperaturen og det enorme trykket som herskar der, er levetida kort. 22.10.1975 sendte kapselen frå Venera 9 (levetid 53 minutt) det første biletet frå overflata på ein annan planet. I oktober 1983 kartla Venera 15 og 16 mykje av overflata med radar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012