Hopp til innhold
X
Innhald

Voskhod

Voskhod (russisk, (sol)oppgang), er namn på to sovjetiske tremanns romfartøy. Voskhod 1 vart skote opp 12.10.1964 og var i rommet i 24 timar og 17 minutt. Det var det første romfartøyet med plass til meir enn éin person. Voskhod 2 vart skote opp 18.3.1965 og var i rommet i 26 timar og 2 minutt. For første gong oppheldt ein astronaut seg utanfor fartøyet (Aleksej A. Leonov i 12 minutt).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 18.03.2019