Hopp til innhold
Jorda og månen, fotografert av Voyager 1, i 1977.
Foto: NASA.
Jorda og månen, fotografert av Voyager 1, i 1977. Foto: NASA.
X
Innhald

Voyager

Voyager er namn på to amerikanske romsondar som er sendte ut for å utforske dei ytre områda av solsystemet vårt. Voyager 2 vart skoten opp 20.8.1977 og passerte nær Jupiter 9.7.1979 og nær Saturn 26.8.1981. Han passerte Uranus 24.1.1986 og Neptun 25.8.1989. Han flyg no utan mål ut i det interstellare rommet.
 
Voyager 1 vart skoten opp 5.9.1977, altså etter Voyager 2, men passerte Jupiter allereie 5.3.1979 og Saturn 12.11.1980. Han forlèt solsystemet utan å komme i nærleiken av nokre av dei andre planetane. Begge romsondane har sendt nærbilete av planetane og månane med ringane deira i tillegg til ei mengd vitskaplege data til jorda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2012