Hopp til innhold
 Asteroide Vesta. Foto: NASA/JPL-Caltech UCLA/MPS/ DLR/IDA
Asteroide Vesta. Foto: NASA/JPL-Caltech UCLA/MPS/ DLR/IDA
X
Innhald

Asteroidar

Asteroidar er digre is- og steinblokker som går i ellipsebanar rundt sola.

Asteroidar tyder "stjerneliknande lekamar". Ei rettare nemning er småplanetar eller planetoidar, som tyder "små, planetliknande lekamar". Dei er digre is- og steinblokker som går i ellipsebanar rundt sola.
Dei fleste kjende asteroidane går i banar mellom Mars og Jupiter, der det truleg finst 1—2 millionar av dei. Fleire enn 100 000 asteroidar er sannsynlegvis tilstrekkeleg lyse til at vi kan gjere fotografiske observasjonar av dei. Nokre titals tusen er oppdaga, men færre enn 10 000 har fått namn, av desse har 13 norske namn.
Ceres, som vart oppdaga av G. Piazzi i 1801, er den største med ein diameter på 936 km. Omkring 200 asteroidar har diameter over 100 km.
I dei siste åra er meir enn 500 asteroidar oppdaga i Kuiperbeltet i dei ytre delane av solsystemet. Frå tid til annan passerer ein asteroide relativt nær jorda, og sjølv om det er svært lite sannsynleg at han vil kollidere med jorda, kan ein heller ikkje sjå heilt bort frå at det kan skje ein gong i framtida.
På Internett publiserer NASA ei datofesta liste over slike nær-jorda-asteroidar (Potentially Hazard Asteroides). Ingen kjende asteroidar utgjer noko trugsmål for jorda dei nærmaste 100 åra. 12. februar 2002 landa romsonden NEAR Shoemaker på den vesle asteroiden Eros.  
 
Sjå video (engelsk) frå NASA om asteroiden 2012 DA14
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 04.03.2013