Hopp til innhold
X
Innhald

Deimos

Deimos er den ytste av planeten Mars sine to små månar. Han vart oppdaga i 1877. Avstanden frå Mars er 23 459 km. Deimos er ikkje trillrund, han måler 15 km x 12 km x 10 km og har ein masse på 1,8×10¹⁵ kg. Den andre månen heiter Phobos.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012