Hopp til innhold
X
Innhald

Ekliptikken

Ekliptikken utgjer den storsirkelen på himmelkula som sola tilsynelatande følgjer gjennom året, det vil seie skjeringslinja mellom jorda sitt baneplan og himmelkula. Ekliptikken dannar ein vinkel på 23° 27' med himmelens ekvator. Ekliptikken vert på norsk også kalla solvegen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012