Hopp til innhold
X
Innhald

Erod

Eros er asteroide nr. 433. Det var den første nær-jorda-asteroiden (Near Earth Asteroide – NEA) som vart oppdaga (1898), og den nest største av dei. Eros er ein av dei få asteroidane som ein har kunna studere på nært hald.
Sonden NEAR Shoemaker gjekk 14.februar 2000 inn i bane rundt Eros og sendte frå seg ei mengd bilete det året sonden kretsa kring asteroiden. Den 12. februar 2001 landa sonden på Eros. Det var første gongen ein sonde landa på ein asteroide.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012