Hopp til innhold
X
Innhald

IGY

IGY, International Geophysical Year, utgjer tidsrommet mellom 1.7.1957 og 31.12.1958, som fall saman med maksimum solaktivitet. I denne perioden vart det etablert eit intenst internasjonalt samarbeid innanfor geofysikk. Under IGY vart den første kunstige satellitten Sputnik 1 sendt opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012