Hopp til innhold
X
Innhald

Ikaros

Ikaros, også stava Icarus, er asteroide nr. 1566. Han har ein diameter på 1,4 km. Middelavstanden frå sola er litt større enn middelavstanden frå jorda (1,07 AU), men på grunn av banen sin store eksentrisitet kan han komme nærmare sola enn Merkur. Ikaros passerer av og til nær jorda (ca. 6 millionar km); seinaste gongen var i 1987, neste gong vert i 2090. Ikaros er såleis klassifisert som ein nær-jorda-asteroide.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012