Hopp til innhold
Jorda.Foto: NASA
Jorda.Foto: NASA
X
Innhald

Jorda

Jorda (latin Tellus) er den tredje planeten, rekna innanfrå, av dei ni store planetane som kretsar rundt sola.

Middelavstanden frå sola er 149,6 millionar km (minste avstand er 147,1 millionar km, største avstand er 152,1 millionar km).
Omlaupstida er eit siderisk år, 365,2564 døgn, og den gjennomsnittlege banefarten er 30 km/s. Polradiusen er 6356,8 km og ekvatorradiusen 6378,14 km. Den gjennomsnittlege tettleiken er 5,5 g/cm³, massen er 5,976 × 10²⁴ kg og rotasjonsperioden er 23 timar 56 minutt 4,1 sekund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 04.09.2012