Hopp til innhold
X
Innhald

Magnetosfæren

Magnetosfæren er eit område rundt jorda eller ein planet der rørslene til ioniserte partiklar vert kontrollerte av magnetfeltet til planeten og ikkje sola. Strålingsbelta, til dømes Van Allens belte omkring jorda, ligg innanfor magnetosfæren. Magnetosfæren til jorda har på den solvendte sida ei utstrekning på 60 000 km, men vert på nattsida trekt av solvinden ut i mange gonger denne avstanden.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012