Hopp til innhold
X
Innhald

Måneformørking

Måneformørking finn stad når jorda kjem mellom sola og månen, det vil seie ved fullmåne, og berre når månen er i eller nær jordbanen sitt plan. 

Dersom heile månen kjem inn i jorda sin heilskugge, vert formørkinga total (og varer maksimalt ca. 1 time 40 minutt). Viss berre ein del av månen kjem inn i heilskuggen, vert formørkinga partiell.

Illustrasjon som syner korleis måneformørking skjer. Måneformørking finn stad når jorda kjem mellom sola og månen, slik at jorda hindrar direkte sollys å nå månen. Månen blir ikkje heilt mørk under ei måneformørking, sidan lys spreidd i jordatmosfæren når overflata av månen. Dette kan gi månen eit raudleg skjær under måneformørkingar. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne CC BY-SA.

Illustrasjon som syner korleis måneformørking skjer (klikk på biletet for å forstørre). Illustrasjonen speglar ikkje korrekt avstand og storleiksforhold. Måneformørking finn stad når jorda kjem mellom sola og månen, slik at jorda hindrar direkte sollys å nå månen. Månen blir ikkje heilt mørk under ei måneformørking, sidan lys spreidd i jordatmosfæren når overflata av månen. Dette kan gi månen eit raudleg skjær under måneformørkingar. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel / Allkunne CC BY-SA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 27.07.2018