Hopp til innhold
Foto:

NASA/Photo courtesy of Fernando Echeverria.
Foto: NASA/Photo courtesy of Fernando Echeverria.
X
Innhald

Månen

Månen vart truleg til som resultat av ein kollisjon mellom jorda og ein annan stor himmellekam.

Månen er ein himmellekam med diameter 3480 km (27 % av jordradien) og ein masse som er noko over 1 % av jorda sin masse. Månen kretsar rundt jorda i ein middelavstand på 384 400 km eller 60 jordradiar, med omlaupstid på 27 1/3 døgn.

Månen vart truleg til som resultat av ein kollisjon mellom jorda og ein annan stor himmellekam. Han vender bestandig same sida mot jorda (bunden rotasjon).

Det første romfartøyet som landa på månen, var den sovjetiske romsonden Luna 2 i 1959. Baksida vart første gongen fotografert same år frå romsonden Luna 3. Den 20. juli 1969 landa det første romfartøyet med mannskap (frå det amerikanske romskipet Apollo 11) på månen, og det sjette og hittil siste besøket skjedde med Apollo 17 i desember 1972. 

Dei mest iaugefallande trekka ved overflata er kratera (ringfjella) og dei mørke, vidstrakte slettene (mare), som ein lenge trudde var hav. Månen har ingen atmosfære, og overflata, som er dekt av fint støv, er derfor urørt av vind. Temperaturen svingar mellom +130 °C og -150 °C. Tyngdekrafta er berre 1/6 av det ho er på jorda. Observasjonar frå romsonden Clementine i 1996 tyder på at det kan finnast ein frosen kratersjø nær månen sin sørpol. Romsonden Lunar Prospector stadfesta dette i 1998.

 

Video: Video frå NRK Skole, «Tilbakeblikk på månelandingen i 1969».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 21.07.2019