Hopp til innhold
Foto: NASA, JHU APL, CIW
Foto: NASA, JHU APL, CIW
X
Innhald

Merkur

Merkur er i astronomien den inste og minste av dei store planetane. Planeten minner om månen, og overflata er har ei rekkje med ringfjell og krater. Temperaturen svingar kraftig, og midt på dagen kan han komme opp i 450 °C. Om natta kan han falle ned til -180 °C.
Merkur er i astronomien den inste og minste av dei store planetane. Omlaupstida er 88 døgn. Baneeksentrisiteten er stor (0,21), og avstanden frå sola varierer mellom 0,31 og 0,47 AU, det vil seie at middelavstanden er 57,9 millionar km. Rotasjonstida er 58,6 døgn; nøyaktig 2/3 av omlaupstida. Merkur har ein diameter på 4880 km, litt over 1/3 av jorda sin. Massen er noko over 1/20 av jorda sin masse. Middeltettleiken er 5,4 g/cm³, nesten som jorda sin. 
 
Merkur er vanskeleg å observere fordi når vi ser han frå jorda, kan han ikkje fjerne seg meir enn 28° frå sola.
 
Planeten minner om månen, og overflata er har ei rekkje med ringfjell og krater. Temperaturen svingar kraftig, og midt på dagen kan han komme opp i 450 °C. Om natta kan han falle ned til -180 °C. Magnetfeltet er omkring 1 % av jorda sitt; atmosfæretrykket er ein billiarddel.
 
Grekarane kalla Merkur for Apollo når han var morgonstjerne, Hermes når han var kveldsstjerne. Merkur passerer over solskiva med visse mellomrom, sjå Merkur-passasje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 05.08.2013