Hopp til innhold
X
Innhald

Meteoroide

Meteoroide er ein himmellekam med storleik frå eit støvkorn til ei klippeblokk. Den lysstrima som vert danna når en meteoroide trengjer inn i jordatmosfæren, kallar vi eit stjerneskot, stjernerap eller ein meteor. Dei restane av ein meteor som når ned til jordoverflata, vert kalla meteorittar. Dei minste meteoroidane vert kalla mikrometeorittar. Dei har så liten masse at dei berre vert bremsa, dei brenn ikkje opp, men fell som eit støvregn ned mot overflata.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 12.11.2012