Hopp til innhold
X
Innhald

Oorts sky

Oorts sky er i astronomien nemning på ei sfærisk sky av partiklar og himmellekamar som høyrer til solsystemet vårt, og som held til utanfor Pluto sin bane. 
 
Ho er oppkalla etter den nederlandske astronomen Jan Oort (1900—1992).
 
Ein reknar med at Oorts sky strekkjer seg frå 5000 AU (sjå astronomisk eining) til 100 000 AU frå sola, det vil seie nesten halvveges til den nærmaste stjerna. Ein reknar med at dei "langperiodiske" kometane kjem frå Oorts sky, men eigenskapane til Oorts sky er ikkje kjende. I 2004 vart det oppdaga ein himmellekam (kallenamn "Sedna") nesten så stor som Pluto, som kanskje høyrer til Oorts sky. Denne himmellekamen har ei omlaupstid i banen på over 10 000 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012