Hopp til innhold
X
Innhald

Pluto

Pluto er i astronomien ein dvergplanet. Han vart tidlegare rekna som den ytste av dei store planetane i solsystemet vårt.
Pluto vart oppdaga av C. Tombaugh i 1930, og har vore rekna som dvergplanet frå 2006. Middelavstanden frå sola er nesten 40 gonger jorda sin avstand (39,5 AU), men Pluto er i periodar innanfor banen til Neptun. 
Omlaupstida er 248 år, og overflatetemperaturen er ca. -230 °C. Pluto roterer retrograd med aksen nesten 90° på baneplanet. Overflata er kanskje frosen metan og is.
Månen Charon vart oppdaga av Jim Christy i 1978. Inntil då vart Pluto oppfatta som større enn han er, då ein ikkje hadde kunna skilje Pluto og Charon frå kvarandre. Utrekningar baserte på observasjonar med Hubble-teleskopet har avgjort at Pluto har ein diameteren på 2320 km, medan Charon har ein diameter på 1172 km. Storleikstilhøvet gjer paret meir til ein dobbeltplanet enn ein planet med måne. Begge har bunden rotasjon sidan dei alltid vender same side mot kvarandre. Avstanden mellom dei er 19 600 km. To nye månar rundt Pluto, Nix og Hydra, vart oppdaga av Hubble-teleskopet i 2005 og stadfesta i 2006. Dei er 2—3 gonger fjernare frå Pluto enn Charon. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012