Hopp til innhold
X
Innhald

Quaoar

Quaoar er i astronomien tilnamn på eit stort objekt som vart oppdaga i Kuiperbeltet i 2002. Quaoar vart oppdaga frå bakken, men romteleskopet, Hubble Space Telescope, gjorde det mogleg for første gong å måle storleiken nøyaktig på eit objekt i solsystemet utanfor banen til Pluto.
Omlaupstida er 288 år. Quaoar har ein diameter på ca. 1250 km, og var i 2002 det største nyoppdaga objektet i solsystemet sidan Pluto vart oppdaga i 1930. I dei siste åra er fleire store objekt vortne oppdaga i Kuiperbeltet, kanskje også i Oort-skya.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012