Hopp til innhold
X
Innhald

Retrograd rørsle

Retrograd rørsle (frå latin) tyder tilbakegåande. I astronomien har ein himmellekam retrograd rørsle når han flyttar seg i retning med urvisaren, sett frå nord. Rørsla ser med andre ord ut til å vere aust-vest og ikkje vest-aust, som er den vanlege retninga i forhold til stjernene bak, det vil seie motsett sola si rørsle rundt ekliptikken.
At ein planet har retrograd rørsle, tyder at han tilsynelatande flyttar seg i banen sin i motsett retning av jorda rundt sola, og årsaka er at observasjonsstaden, jorda, sjølv flyttar seg i bane. Det motsette av retrograd rørsle er rettlaupande rørsle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012