Hopp til innhold
Foto: NASA/JPL/Space Science Institute
Foto: NASA/JPL/Space Science Institute
X
Innhald

Saturn

Saturn er i astronomien den sjette av dei store planetane rekna frå sola.

Middelavstanden frå sola er 1429,4 millionar km (9,5 AU), og omlaupstida er 29,46 år. Radien er ca. 60 000 km, tilsvarande 9,46 jordradiar, og med jorda som eining har Saturn volumet 744 og massen 95,16.
Som Jupiter er Saturn samansett av 75 % hydrogen og 25 % helium, med spor av nokre andre, tyngre grunnstoff, vatn og ammoniakk.
Saturn er den einaste planeten som er lettare enn vatn; middeltettleiken er 0,7 g/cm. Rotasjonstida ved ekvator er 10 timar 14 minutt. Saturn har ein kjerne av tyngre grunnstoff som jern og silisium, og han er omgitt av eit lag flytande hydrogen, som innerst er metallisk, og som utan ei fast grense går over i ein tjukk hydrogen-heliumatmosfære. I atmosfæren er det påvist fleire organiske molekyl (ammoniakk, metan med vidare). Atmosfæren dannar bandstrukturar, men dei er ikkje så tydelege som på Jupiter.
Saturn har eit komplisert ringsystem med titusen av enkeltringar. Opphavet til ringane er ikkje kjent. Dei er sette saman av smådelar som varierer i storleik frå mikrometerstore partiklar til blokker på fleire titals meter, vesentleg is. Diameteren på ringsystemet er 270 000 km. Dette gjeld A-ringen. Dei svake ringane, kalla F-, G- og E-ringane, ligg utanfor; og den ytste, E-ringen, har ein diameter på meir enn 900 000 km. Tjukkleiken er berre nokre få hundre meter.
Saturn har eit kraftig magnetisk felt, og han sender ut radiostråling. Romsondane Pioner 11 (1979) og Voyager 1 (1980) og 2 (1981) førte til ei total forandring av kjennskapen vår til Saturn. Romfartøyet Cassini kom fram til Saturn i juli 2004. Det har sidan gått i bane rundt planeten og skal utforske heile Saturn-systemet, spesielt Titan. Sonden Huygens, som var med Cassini, landa på overflata til Titan 14. januar 2005.
I mai 2005 vart det rapportert tolv nye månar rundt Saturn, alle oppdaga frå jorda i 2004, og éin ny måne oppdaga av Cassini i 2005. Dermed har Saturn over seksti kjende månar. Den mest kjende er Titan som er den nest største månen i solsystemet. Seks av månane, Mimas, Enceladus, Tethys, Dione, Rhea og Iapetus, er store ismånar. Mange av dei andre er innfanga asteroidar eller brotstykke av store månar. Nokre av småmånane, blant anna den som er oppdaga sist, har banar inne i ringsystemet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 18.01.2013