Hopp til innhold
X
Innhald

Solflekkar

Solflekkar er mørke område på soloverflata. Dei opptrer hovudsakleg 5°—35° nord og sør for sola sin ekvator. Ein godt utvikla solflekk har ein mørk kjerne (umbra) omgitt av ein lysare halvskugge (penumbra). Temperaturen i ein flekk er ca. 1000° lågare enn i fotosfæren som omgir han. Flekkane er sete for sterke magnetfelt. Solflekkar opptrer ofte i grupper. Levetida varierer frå timar for små porer til, i sjeldne tilfelle, mange månader for store grupper. Somme kan vere synlege med berre auget. Talet på solflekkar varierer i ein elleveårsperiode (påvist av H. Schwabe i 1843). Ved maksimum (siste gong i 2000/2001) var det mange og store flekkar. I 2003, meir enn to år etter maksimum, var det særs kraftig aktivitet på sola. Nær solflekkminimum kan det gå veker utan ein flekk på sola.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012