Hopp til innhold
Foto:

NASA/The Exploratorium
Foto: NASA/The Exploratorium
X
Innhald

Solformørking

Solformørking skjer ved nymåne når sola, månen og jorda nesten ligg på rett linje. Månen kastar då dels ein mørk kjerneskugge mot jorda, dels ein lysare halvskugge. Der kjerneskuggen treffer jordoverflata, vert solformørkinga total. Viss skuggen ikkje når fram, vert han ringforma. I halvskuggen vert han partiell, det vil seie at berre ein del av solskiva vert dekt.
Diameteren av den flata der formørkinga er total, er maksimalt 264 km. På grunn av månen og jorda sine rørsler flyttar skuggen seg med ein fart av 0,5—1 km/s over jordoverflata.
 Totalt varer solformørkinga på ein stad høgst 7,5 minutt. Kvart år finn det stad maksimum fem, minimum to solformørkingar. Siste totale formørking som var synleg i Noreg, fann stad 30. juni 1954. Den største solformørkinga sidan 1954 skjedde 31. mai 2003 då ca. 86 % av solskiva var dekt. Noreg hadde partiell solformørking i 2011, og får det også i 2015, 2026 og 2039.
Først i 2048 får vi ei solformørking som er større enn i 2003 (ringforma med 89 % dekt), mens den neste totale ”norske” solformørkinga finn stad i 2097. Totale solformørkingar har stor vitskapleg verdi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 17.04.2012