Hopp til innhold
X
Innhald

Titan

Titan er Saturns største måne. Han er den femtande månen rekna innanfrå. I solsystemet er han den nest største månen og den einaste som har ein tett atmosfære. Atmosfæretrykket ved overflata er 1 1/2 gong større enn på jorda. Atmosfæren består vesentleg av nitrogen, og det er påvist forskjellige organiske samband, blant anna propan og acetylen. Det er mogleg at månen er dekt av eit hav av metan langs ekvator med kalottar av metan-is omkring polane. Avstanden frå Saturn er 1 221 830 km, diameteren er 5150 km, og massen er 1,35×10²³ kg. Titan vart oppdaga av Huygens i 1655

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.04.2012
Sist oppdatert: 03.07.2012