Hopp til innhold
X
Innhald

Cepheus

Cepheus  er eit stjernebilete på den nordlege himmelen. Hos oss ligg det alltid over horisonten. Den klaraste stjerna ber namnet Alderamin. Ho er kvit og av storleiksklasse 2,4. Stjerna δ Cephei er den første av cepheidane som vart oppdaga. Cepheidane er ei gruppe stjerner med periodisk variabel lysstyrke der det er ein samanheng mellom periodelengd og den verkelege lysstyrken (den absolutte storleiksklassen). Storleiksklassen for δ Cephei varierer mellom 3,6 og 4,3 i ein periode på 5,4 døgn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2012
Sist oppdatert: 18.04.2012