Hopp til innhold
X
Innhald

Dobbeltstjerner

Dobbeltstjerner er to stjerner som står svært nær kvarandre på himmelen.
 
I optiske dobbeltstjerner står dei to stjernene tett saman berre fordi dei frå jorda tilfeldigvis vert sedde i same retning. 
 
I visuelle dobbeltstjerner står dei to stjernene så nær kvarandre i rommet at dei, på grunn av gjensidig gravitasjonspåverknad, flyttar seg i lukka banar rundt sitt felles tyngdepunkt. Slike stjernepar vert kalla fysiske dobbeltstjerner. Mange av dei fysiske dobbelstjernene har komponentar som står så tett saman at ein frå jorda ikkje kan sjå dei skilde frå kvarandre med kikkert.
 
Viktigast er dei spektroskopiske dobbeltstjernene, som vert avslørte på grunn av variasjon i spekteret, og de fotometriske dobbeltstjernene (eller formørkingsvariable stjerner), som vert avslørte på grunn av lovmessig variasjon i lysstyrken. Over halvparten av alle stjerner høyrer til dobbelte eller fleirdobbelte system.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2012
Sist oppdatert: 18.04.2012