Hopp til innhold
Spiralgalakse.Foto: NASA, ESA, and the Hubble Heritage (STScIAURA)-ESAHubble Collaboratio
Spiralgalakse.Foto: NASA, ESA, and the Hubble Heritage (STScIAURA)-ESAHubble Collaboratio
X
Innhald

Galaksar

Galaksar, eller ekstragalaktiske tåker, er veldige, gravitasjonsbundne samlingar av stjerner og interstellar materie.

Størstedelen av den lysande massen i universet er samla i galaksar, som er av tre hovudtypar. Nokre har spiralform, somme er elliptiske og andre er irregulære. Storleik og masse varierer sterkt. Massen kan variere frå éin million (10⁶) solmassar for lyssvake dverggalaksar til éin billion (10¹²) for lyssterke, elliptiske superkjempar.
Den galaksen vi høyrer til, Mjølkevegsystemet, er ein spiralgalakse. Mellom våre nærmaste naboar i rommet er ein spiralgalakse, Andromedagalaksen, og to irregulære galaksar, Dei magellanske skyene.
Galaksane er ikkje jamt fordelte i rommet. Mange er dobbelte eller samla i hopar der talet medlemer varierer frå nokre få og opptil fleire tusen. Med dei største teleskopa kan ein observere mange milliardar galaksar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2012
Sist oppdatert: 04.03.2013