Hopp til innhold
X
Innhald

Jomfrua

Jomfrua, latin Virgo. Eit stort stjernebilete i Dyrekretsen mellom Løva og Vekten, Bootes og Kentauren. Den klaraste stjerna er den blå Spica av 1,0 storleiksklasse.
 
Virgohopen er ein stor, irregulær galaksehop med omkring 2500 medlemer. Virgo A er ei intens radiokjelde som optisk fell saman med den klaraste medlemen i Virgohopen, den elliptiske kjempegalaksen M 87. 2.
 
Jomfrua er også namnet på det sjette teiknet i Dyrekretsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2012
Sist oppdatert: 18.04.2012