Hopp til innhold
X
Innhald

Populasjonstype

Populasjonstype er ei inndeling av stjerner i to klassar, innført av W. Baade i 1944. Populasjon I er unge stjerner med relativt høgt metallinnhald. Desse finst i skiva til Mjølkevegsystemet, spesielt i spiralarmane. Populasjon II er eldre stjerner med lågt metallinnhald. Dei finst i kjerneområdet og i haloen i Mjølkevegsystemet. Sola er ei gammal populasjon I-stjerne. Ei finare klassifisering ordnar stjernene i fem populasjonstypar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012