Hopp til innhold
Foto:NASA, ESA, H. Bond (STScI) and M. Barstow (University of Leicester)
Foto:NASA, ESA, H. Bond (STScI) and M. Barstow (University of Leicester)
X
Innhald

Sirius

Sirius er den mest lyssterke stjerna på himmelen. Ho er av storleiksklasse -1,5. Avstanden til jorda er 8,6 lysår, og temperaturen er 10 000 °C. Sirius er ei visuell dobbeltstjerne med periode 50 år. Følgjesveinen, Sirius B, var den første kvite dvergen som vart oppdaga. Ho har ein masse som er 0,98 gonger sola sin masse, men sidan ho har ein diameter på berre 0,022 gonger den sola har, vert tettleiken svært høg, meir enn 90 000 gonger den sola har. Storleiksklassen er 8,7. Sirius står i stjernebiletet Den store hunden, og vert også kalla Hundestjerna.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012