Hopp til innhold
X
Innhald

Skorpionen

Skorpionen, latin Scorpius. Eit stjernebilete som ligg delvis i Mjølkevegen, sør for ekvator. Den klaraste stjerna er Antares. I dette biletet finn vi blant anna dei opne hopane M6 og M7 og kulehopane M4 og M80, som ein kan sjå med berre auget, og røntgenkjelda Scorpius X-1. Skorpionen er også namnet på det åttande teiknet i Dyrekretsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012