Hopp til innhold
X
Innhald

Skytten

Skytten, latin Sagittarius. Eit stort stjernebilete på den sørlege himmelen, delvis i Mjølkevegen, nær Skorpionen. Det inneheld fleire kjende tåker, blant anna Omegatåka, Lagunetåka, Trifidetåka og mange kulehopar, blant anna M22 og M54, som ein kan sjå med berre auget. Sentrum i Mjølkevegsystemet ligg i retning av Skytten. Skytten er også namnet på det niande teiknet i Dyrekretsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012