Hopp til innhold
X
Innhald

Sørkorset

Sørkorset, latin Crux Australis, er ei vanleg nemning på stjernebiletet Korset (latin Crux) på den sørlege himmelen. Det ligg i Mjølkevegen og er lite, men iaugefallande. Dei fire klaraste stjernene danna eit kors. I biletet finst dei kjende mørke tåkene Kolsekkane og den vakre, opne stjernehopen Juvelskrinet (Kappa Cruxis).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2012
Sist oppdatert: 18.04.2012