Hopp til innhold
Foto:NASA, ESA, K. Cook (LLNL)
Foto:NASA, ESA, K. Cook (LLNL)
X
Innhald

Spiralgalakse

Spiralgalakse, eller spiraltåke, er ein diskosforma galakse med lysande spiralarmar av gass, støv og unge stjerner. Det er to hovudtypar: normale spiralar (S), der armane går direkte ut frå kjernen, som regel frå to diametralt motsette punkt, og stangspiralar (SB), der armane viklar seg ut frå endepunkta av ei lysande stong gjennom kjernen. Mjølkevegsystemet vårt er ei spiraltåke. Omkring 30 % av galaksane er spiraltåker.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012