Hopp til innhold
X
Innhald

Stjernebilete

Stjernebilete, eller konstellasjonar, er område på himmelen med grupper av stjerner som dannar figurar når ein tenkjer seg rette linjer mellom dei.

Ptolemaios' stjernekatalog i Almagest, laga for omkring 2000 år sidan, er inndelt i 48 stjernebilete oppkalla etter heltar og dyr frå gresk mytologi. Seinare er fleire andre lagde til, slik at heile himmelen no er dekt av 88 bilete. Mange av dei yngre stjernebileta har ikkje mytologiske namn.
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 26.03.2014