Lagunetåka

Lagunetåka er eit område i galaksen vår, Mjølkevegen, der nye stjerner blir fødde. Energirikt ultrafiolett lys frå dei unge, varme stjernene påverkar gassar i tåka slik dei at glødar. Dei mørke områda er støv og gass som blokkerer for lyset.

Lagunetåka
Av .
Lisens: fri

Stjernetåke er eit samlenamn på mange ulike tåkefenomen i astronomien. Stjernetåker er lyse eller mørke skyer av interstellart støv og interstellar gass. Dei kan lyse sjølve, reflektere lys eller blokkere lys. Stjernetåker kan ha mange former og fasongar, og dei kan oppstå av ulike grunnar, til dømes som restar av døde stjerner.

Astronomar nyttar i dag meir presise namn på dei ulike typane av stjernetåker. Tidlegare omtalte ein galaksar som stjernetåker, fordi dei såg tåkete ut i teleskopa i motsetnad til dei punktforma stjernene. Eit gammalt namn på Andromedagalaksen er derfor Andromedatåka.

Overordna skil vi mellom emisjonståker, refleksjonståker og mørke tåker.

Lysande og mørke tåker

Emisjonståker

Emisjonståker er skyer av gass som lyser når atoma i gassen får energi i form av ultrafiolett stråling frå stjerner i nærleiken av tåka, det vil seie dei lyser ved fluorescens. Eit døme på ei emisjonståke er Oriontåka.

Refleksjonståker

Iriståka

Iriståka (NGC 7023) er ei refleksjonståke. Ho ligg cirka 1400 lysår fra Jorda i retning stjernebiletet Kefeus. Det er lyset frå ei stjerne i nærleiken, HD 200775, som blir reflektert av NGC 7023. Stjerna er ikkje med på biletet frå Hubble-romteleskopet, men ligg utanfor den øvste kanten av biletet.

Iriståka
Av .
Lisens: fri

Refleksjonståker er kalde skyer som skin ved at støvet i skya spreier lyset frå stjerner i nærleiken av tåka. Tåka lyser ikkje sjølv, men reflekterer berre lyset frå stjernene. Eit døme på ei refleksjonståke er tåka omkring stjernehopen Pleiadane.

Emisjonståker og refleksjonståker ser ein ofte saman, og dei blir med eit fellesnamn kalla diffuse tåker.

Mørke tåker

Kolsekken
Eit utsnitt av den mørke tåka som blir kalla Kolsekken. Støvet i tåka absorberer og spreier lyset frå dei bakanforliggjande stjernene slik at dei framstår svakare og meir raudlege.
Av .
Lisens: CC BY 4.0

Mørke tåker, ofte kalla absorpsjonståker, er tåker som skjermar for lyset frå stjernene som ligg bak tåka, sett frå Jorda. Mørke tåker ser ein derfor ofte som mørke flekkar på himmelen.

Nokre mørke tåker er lett synlege med berre auga, til dømes Kolsekken, og har derfor vore kjende lenge. Tidlegare såg ein på mørke tåker som stjernetomme område, medan den rette tolkinga av mørke tåker er relativt ny. Ein serie mørke tåker dannar den store rifta i Mjølkevegen, som strekkjer seg frå Svana til Kentauren.

Opphavet til stjernetåkene

Planetariske tåker

NGC 6751

Den planetariske tåka NGC 6751 fotografert av Hubble-romteleskopet.

NGC 6751
Av .
Lisens: fri

Planetariske tåker er ekspanderande skal av gass rundt raude kjempestjerner, som er eit svært seint stadium i utviklinga til ei gjennomsnittleg stjerne. Den raude kjempestjerna blæs seg opp til ein mykje større radius enn den opphavlege stjerna hadde, og kastar av seg dei ytre laga sine av gass. Planetariske tåker lyser fordi restane av stjerna i sentrum sender ut ultrafiolett stråling som gjer at gassen fluorescerer. Planetariske tåker er emisjonståker.

Lysspekter frå planetariske tåker viser karakteristiske lyssterke spektrallinjer. Ei av dei mest kjende planetariske tåkene er Ringtåka.

Planetariske tåker har ingen ting med planetar å gjere. Namnet skriv seg frå at fleire av dei, observert i kikkert, har likskap med planetskiver.

Den tidlegaste fasen i utviklinga av ei planetarisk tåke blir kalla ei protoplanetarisk tåke.

Supernovarestar

Supernovarestar er skal av materiale som blir danna når ei massiv stjerne eksploderer som ei supernova og kastar av seg dei ytste laga sine. Supernovarestar har derfor ofte ei rund form. Supernovarestar er sterke kjelder til radiobølgjer og røntgenstrålar.

Døme på supernovarestar er Krabbetåka og restane etter Keplers nova og Tycho Brahes nova.

Molekylskyer

Molekylskyer, eller molekyltåker, er skyer av interstellart stoff som hovudsakleg består av molekylært hydrogen. Molekylskyer er svært kalde, med temperaturar rundt –250 °C.

Gjennom optiske teleskop framstår molekylskyer som mørke tåker. Dei stråler mest i radiobølgjer. Infraraude teleskop kan observere litt varme frå dei store molekylskyene.

Det finst to typar molekylskyer: små molekylskyer og store molekylskyer. Små molekylskyer strekkjer seg nokre få lysår og er svært kalde i fråværet av stjerner. Store molekylskyer strekkjer seg typisk 150–250 lysår og består også av store mengder karbonmonoksid. Store molekylskyer kan vere tusen gonger så tette som dei små molekylskyene. Store molekylskyer er hovudsete for stjernedanning og er nesten alltid assosierte med stjernehopar beståande av varme, massive, unge stjerner.

Ein anslår at det finst mellom 4000 og 5000 molekylskyer i Mjølkevegen med ein total masse på omkring to milliardar solmassar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg