Hopp til innhold
Supernova.Foto: NASA
Supernova.Foto: NASA
X
Innhald

Supernova

Supernova er ein gigantisk stjerneeksplosjon der stjerna sin luminositet aukar enormt, slik at ho kan stråle like sterkt som ein heil galakse. Dette skjer når tunge stjerner døyr (desse stjernene har ein masse på meir enn 10 solmassar). Ein vesentleg del av massen vert kasta ut i rommet, og tilbake vert, i alle fall i nokre tilfelle, ei nøytronstjerne eller eit svart hol.
I Mjølkevegsystemet opptrer nokre få supernovaer per hundreår; dei fleste vert skjulte bak interstellare støvmassar. Somme har vore observerte: I 1054 blussa ein supernova opp i Tyren der Krabbetåka no står. Tycho Brahe sin nova opptredde i 1572, og den sist observerte, novaen til Kepler, viste seg i 1604. Vi finn gassrestar etter mange andre.
Fleire hundre supernovaer er til saman registrerte i andre galaksar, millionar og milliardar av lysår unna. Den klaraste blussa opp i ein av følgjesveingalaksane til Mjølkevegen, Den store magellanske skya, i 1987. Det var den første ein kunne sjå med berre auget sidan Kepler sin nova. I februar 2002 vart ein hypernova (ein spesiell supernova som gir frå seg enorme energiar i jetstrålar) observert i galaksen M74, 25 millionar lysår unna. Viss jetstrålen hadde vore retta mot jorda, ville supernovaen ha vore synleg midt på dagen.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012