Hopp til innhold
X
Innhald

Tvillingane

Tvillingane, latin Gemini. Eit framståande stjernebilete på den nordlege himmelen nær Orion, delvis i Mjølkevegen. Dei klaraste stjernene er Castor og Pollux, sjå dioskurane. Dei er oppkalla etter søner av Leda og Jupiter. Tvillingane var i oldtida verje for sjøfolk i havsnaud ("herre Jemini"). Tvillingane er også namnet på det tredje teiknet i Dyrekretsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.04.2012
Sist oppdatert: 20.04.2012