Hopp til innhold
X
Innhald

Jødisk kalender

Jødisk kalender er ein kombinasjon av måne- og solkalender som vert nytta for den religiøse tidsrekninga til jødane. Året består av 12 månader med avvekslande 29 og 30 dagar. Med passande mellomrom vert det innført ein skotmånad. Åra vert talde frå "verda si skaping", som ein ut frå teologiske studium fastla til 7. oktober 3761 f. Kr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2012
Sist oppdatert: 23.04.2012